Et meir ute

Et meir ute

Ordinær pris 449,00 kr Salgspris 224,50 kr Spar 50%
/
Mva inkludert Frakt beregnes i kassen.

Kun 1 produkter i butikk

Turkokeboka ET MEIR UTE inneheld alt du treng å vita for å løfta turmaten eit hakk.

Det er du som legg lista: Riv med deg noko frå butikken, på veg opp på fjellet eller ut på sjøen. Eller, gjer klart noko heime og lag luksusmat ute.

Dei fleste er vortne meir opptekne av å vera miljøvenlege, og å kasta mindre mat. I boka finn du inspirasjon til korleis du kan eta opp matrestane på tur og hausta frå naturen. Lure triks med gode smakar, og mat for liten og stor.

Sigrid Henjum (f. 1983) er ei patriotisk sognajenta, som har reist verda rundt. Matlaginga har ho plukka opp gjennom jobb som kokk på hotell og luksuslodge. Ho har guida på ski både i Nordvestpassasjen og over Grønlandsisen, og på hesteryggen i Mongolia. Godt plassert i kajakken, har ho padla rundt Sør-Georgia og Nordaustlandet (Svalbard). Lista er lang. Livet er i endring – Sigrid har no landa på eit småbruk med familie, dyr og grønsaker i Sogndal.

Turane er kortare og nærmare enn før. Ho har lært mykje, og fått ny erfaring sidan førre bok, ET UTE, som kom ut i 2016. Boka vart ein suksess, med over 6000 selde eksemplar – til no. ET MEIR UTE gir deg over 100 nye oppskrifter og tips til god turmat.

  • Forfatter: Sigrid Henjum
  • Publisert: 2022
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Antall sider: 235
  • ISBN: 9788293090953