Opptur Ytre Sogn og Fjordane

Opptur Ytre Sogn og Fjordane

Ordinær pris 498,00 kr Salgspris 299,00 kr Spar 40%
/
Mva inkludert Frakt beregnes i kassen.

Kun 2 produkter i butikk

OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE skildrar dei beste turopplevingane på kysten av gode, gamle Sogn og Fjordane, frå Gulen og Solund i sør til Selje og Stad i nord. Eit fjord- og fjellandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Boka tek deg med til dramatiske toppar som Hornelen og Lihesten, toppar på dei fleste av øyane og fjella langs kysten, og nærturar i bygdene og byane. Boka inneheld også fotturar og sykkelturar langs havkanten.


I boka er det med 163 turar i følgjande kommunar / tidlegare kommunar: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Av dette er 140 fjellturar, 10 sentrums- og kulturvandringar og 13 sykkelturar. Sykkelturane dannar ei samanhengande rute frå sør til nord, pluss avstikkarar ut på øyane, og er lagde opp slik at ein kan krysse fjordane med ferjer og rutebåtar.

OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE har både lette og meir krevjande turar, med fyldig omtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.

OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE kjem ut i samarbeid med Ytre Sogn Turlag, Flora Turlag, Keipen Turlag og Ytre Nordfjord Turlag.
 

  • Forfattere: Torkjell Djupedal og Finn Loftesnes
  • Publisert: 2020
  • Antall sider: 464
  • ISBN: 9788282401678